Foreningen Norske Lauvtrebruk er en landsdekkende spesialforening for sagbruk som foredler lauvtrevirke

Tretema arrangerar trekurs for arkitektstudentar

28 studentar og ein lærar frå Bergen Arkitekt Skole deltok i eit 10 dagars trekurs i regi av Tretema der hovedfokuset vart retta mot vestlandsk lauvtre og korleis denne ressursen kan utnyttast betre.

28 studentar og ein lærar frå Bergen Arkitekt Skole deltok i eit 10 dagars trekurs i regi av Tretema der hovedfokuset vart retta mot vestlandsk lauvtre og korleis denne ressursen kan utnyttast betre.

28. oktober 2009


Norodd Baug
 

Prosjektleiar Norodd Baug fortel at målet med
kurset var å auka kunnskapen om lauvtre blant studentane. I løpet av kurset fylde dei treets utvikling frå spira i skogen og fram til foredla råstoff. Gjennom praktiske oppgåver og teknisk utprøving gjorde dei seg kjent med materialet, og vårt håp er at dei skal ta med seg denne kunnskapen inn i sin framtidige arkitektgjerning.






Foto: Norodd Baug

Gjennom kurset fekk studentane innblikk i treslagslære, ungskogspleie, hogst, sagbruksteknikk, foredling, tretekniske eigenskaper og uttrykk, samt konstruksjonar og produkt i tre.




Testing av trykkfastheit
Foto: Norodd Baug



Nytt av året var eit samarbeid med Norsk Treteknisk Institutt v/ forskar Jan Bramming som utvikla nokre enkle felttestar for å visa dei ulike treslaga sine tekniske eigenskapar. Dette var svært illustrativt og fungerte godt pedagogisk, skulle ein tolka tilbakemeldingane frå studentane.







Grindabygging
Foto: Norodd Baug

Alle studentane fekk delta i produksjonen av to små grindbygg som skulle nyttast som bålhus i nærområdet, og dei viste stor iver i det praktiske arbeidet.









Bygging av badstove
Foto: Norodd Baug

 

På eige initiativ bygde ei gruppe studentar ei lita badstove i strandkanten, der materialet var eik og osp som var teke ut frå skogen rundt. Dette prosjektet engasjerte dei i fleire dagar til langt på natt.






Eit strålande haustvêr i idylliske Kvamsøy i reiselivskommunen Balestrand laga ei flott ramme rundt den fyrste dagen for studentane. Denne dagen vart nytta til orientering og innkvartering på ulike stader i bygda. Tretema har eit nært samarbeid med fleire lokale grunneigarar som stiller opp både med innkvartering og ulike areal til undervisning
Alt i alt kan vi sjå tilbake på eit vellukka kurs seier Norodd Baug - og vi er alt i gang med planlegginga for neste år.
Takk til Fylkesmannen si landbruksavdeling som bidrog til finansieringa av årets kurs.

Sjå heimesida til Tretema

Foto: Norodd Baug

 

 

Siste nytt

Årsmøte i Foreningen Norske Lauvtrebruk

Årsmøte arrangeres den 24.10 hos Emne3, Hortensvn 220, Barkåker
19. oktober | Mer »

Fokus på trearkitektur

Det var byggematerialet tre som stod i fokus under den første nasjonale Trearkitekturkonferansen som ble arrangert i Oslo den 11. juni 2013.
Arrangørene var NAL, Arkitektbedriftene, Treteknisk og Foreningen Norske Lauvtrebruk.
(Foto: Knut W Alsen) Det var byggematerialet tre som stod i fokus under den ...
7. september | Mer »

Flere nyheter »

Logg inn | Bli medlem | Rapporter feil

Nettsidene er utviklet av Bjørge Næss

Vennligst skriv inn ditt brukernavn og passord for å logge inn.


   Glemt passord?